Ditt navn: Sølvi Heimestøl
Tittel/stilling: Leiar av referansegruppa ved NK LMH
Velg kategori: Innspill til omorganisering av egen tjenesten

Referansegruppa og NK LMH har saman drøfta innspel til departementet, og synspunkta er samanfallande. Vi vel likevel å sende innspel kvar for oss.
Slik referansegruppa ser det, er det behov for ei meir omfattande og fagleg vurdering av tenesta før eventuelle endringar vert gjort rundt kategori og forankring. Her tenkjer vi at både referansegruppa og tenesta sjølv kan delta i ein nærare dialog.

Slik kategoriane er skissert, ser ikkje referansegruppa at nokon av løysingane er optimale for vårt arbeidsområde. Vi ser behov for ei nasjonal overbygging/senter som kan ha ansvar for kompetansebygging, forsking og nettverksbygging.

Av funksjonar/aktivitet som bør førast vidare ved ei eventuell avvikling av kompetansetenesta er følgjande hovudpunkt viktige for oss:
• Forsking
• Formidling av ny kunnskap og verktøy
• Nettverk innafor ulike arbeidsområde for læring og mestring, til dømes samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste, ungdom, barn og familier, pårørande.
Mål: implementere og spreie ny kunnskap, nye føringar, dele erfaringar og gode eksempel, og finne vegen vidare saman.
• Kartlegging/ oversikt, til dømes av praksis, tilbud og kompetanse
• Dialogpartnar og pådrivar ovafor sentrale myndigheter
• Etablering og vidareutvikling av nasjonale kvalitetsindikatorar
• Ansvar for å skape nasjonale møteplassar for erfaringsutveksling og kunnskapsdeling