Ditt navn: Sølvi Heimestøl
Tittel/stilling: Leiar av referansegruppa ved NK LMH
Velg kategori: Innspill til kategorisering av kompetansetjenester

Av dei to kategoriane som er foreslått, ser referansegruppa kategori 2 om best egna. Helsekompetanse i befolkninga (jamfør ny Strategi om helsekompetanse), strukturert brukarsamarbeid og helsepedagogisk kompetanse, er relativt nye område. Det er difor behov for eit langsiktig arbeid innafor både utvikling og forsking. Lærings- og mestringssentra i spesialisthelsetenesta har lang erfaring med opplæring av pasientar og pårørande og helsepedagogikk, men for kommunane er dette eit nyare arbeidsområde. Det er i det vidare eit stort behov for samhandling for å oppnå gode og effektive tenester som bidrar til læring og mestring i befolkninga. Her er ei nasjonal teneste med eit langsiktig perspektiv, viktig for å lukkast. Samhandling er eit viktig tema i ny Nasjonal sykehusplan og NK LMH sitt arbeid er sentralt for at læring og mestring og opplæring av pas. og pårørande skal komme inn i pasientforløp på tvers. Referansegruppa tenkjer at nasjonale nettverk er viktige og bør saman med forsking, ligge innafor mandatet til ei slik kompetanseteneste.